Karina Kallevåg Fotografi

Vestland

Hei!

Eg heiter Karina, og driver Karina Kallevåg Fotografi.

Som bryllupsfotograf sidan 2021 har eg gleda av ta del i den store og viktige dagen i livet til folk. Eg elskar å fanga alle dei magiske augneblinka som skjer frå førebuingane startar til den gøyale festen. Dersom eg skal velga ein favorittdel av dagen vil eg seia at det er noko heilt spesielt med å vera til stades under førebuingane med frisør, sminke, den rolige atmosfæren, latter, nervøsitet og gledestårer. 

Ein bryllupsdag går fort, og det er ein berg-og-dalbane av kjensler. Eg har lidenskap for å fanga blinkskot frå dagen, ikkje berre av brudeparet, men av alle gjestene og den unike stemninga. Målet mitt er å skapa minner som varar livet ut. Eg vil at brudeparet skal kunne kjenna på dei same kjenslane kvar gong dei ser tilbake på bileta. 

Ta gjerne ein kikk på Instagram-profilen min, eller kontakt meg for ein uforpliktande samtale! 

Eg ser fram til å høyra meir om dåke og dåkas spesielle dag.

Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre nettstedet vårt. Ved å klikke "Godta" samtykker du i bruken av informasjonskapsler.